Hopp, Karoline! er tittelen på Krom sin platedebut.

Albumet er spelt inn live på tape i det allereie smått legendariske Memphis Bound Studio på Hamar. 4 sveitte dagar destilert ned til 14 spor med nyskreven rock`n roll. Krom er eit nytt tilskot til den norske rockabilly/americana- floraen. Bandet skil seg ut ved å bruke morsmålet i ein erkeamerikansk sjanger.

To tekstforfattarar frå kvar si side av vasskillet resulterte i låtar med både halling- og nordfjorddialekt. Musikalsk sneiar bandet innom dei fleste sjangrane under roots-paraplyen, men med eit solid rotfeste i klassisk rockabilly.
Bandmedlemmane har ein allsidig musikalsk bakgrunn. Vokalist og gitarist Odd-Erik Lothe, har saman med vokalist og gitarist Ståle Søndrål Wick tilbrakt ein 20 års tid i førarsetet på rockabillybandet Green Granadas. Lothe er også mannen bak viseorkesteret Fabel og det nye prosjektet LOTHE.
På kontrabass finn ein Frank Reiten, som forutan å være ei ildsjel i rockabillymiljøet, er også medlem i The Hard Rollin`Daddies og har vært innom banda Backyard Drifters og Daltons.
Hardtsvingande Morten Pisani trakterer trommene. Til vanlig mest kjent som trommeslagar i Beat Tornados og Hard Luck Street.
Fellesnemnaren for alle er gutar frå grisegrendte strøk, med hamrande rock`n roll hjarter fyllt opp til randen av speleglede.
Gjestar på albummet er Bendik Brænne (sax), Gina Aspenes (vokal) Øystein Fosshagen (hardingfele) og Ole Reinert Berg Olsen aka ORBO (gitar). ORBO har også vore med å produsert albumet.