Staute og trufaste5

Stugureint
«Stugureint»

Plateanmeldelser · Gudbrandsdølen Dagningen · Folkrockbandet Staut held fast på røtene sine. Men dei står ikkje stille. Det viser den nyaste plata deira.

Ho er den tredje i rekkja. Det irske preget ein høyrde på debuten «Staut» og oppfølgjaren «Eigarlaus» er tona ned. Nå er sounden meir norsk. Men ikkje mindre rocka. Tradisjonsinstrument kan nyttast til mykje.

Staut held i «Stugureint» fast på tempoet og temperaturen. Eg vert ikkje overraska om folk flest utover våren kjem til å gå rundt og nynne på ein eller to av låtane frå denne nyaste plata. Rytme, melodi og tekst har alt som skal til for å bli det ein før, ironisk, kalla landeplage. Og det er nett det som gjer at Staut treff ikkje berre i bygdene, men blir likt i urbane strøk. For norsk musikkliv er valdrisane og meir eller mindre beslekta band og artistar viktigare enn ein trur.På «Stugureint» kan vi høyre vår eigen Marie Forr Klåpbåkken som gjest i låtane «Eit Gøtt Gamalt Frieri» og «Ei varmare stelle». Eit vellukka samarbeid.Eg håper og trur Staut held fast på grunnmuren sin og dialekten. Men skal tru om dei nede i Oslo 3 og vest skjønner kva bandet syng om, sidan dei slit slik med nynorsk at dei jamvel vil ha målforma ut av skulen.

Rytme, melodi og tekst har alt som skal til for å gjere eit par av låtane til landeplagePer Ivar Henriksbø

Kilde: www.gd.no/kultur/musikk/article6597445.ece

Les mer om «Stugureint» fra STAUT