VON har levert nok ei plate dei kan være stolte av.5

Ein fot innafor
«Ein fot innafor»

Plateanmeldelser · Firdaposten · Plate nummer tre frå Gudbrandsdal-bandet. Og like jublande flott som ”Mange Veigje” frå 2011.

Plate nummer tre frå Gudbrandsdal-bandet. Og like jublande flott som ”Mange Veigje” frå 2011. Det er framleis lett å trekke parallellar til Hellbillies og Ni Liv. Ikkje like skarpe som dei siste, men eit hestehovud føre dei første. Men når eg tenker meg om litt ligg dei ikkje så langt etter Ni Liv. Og grunnen til det er Ole Jonny Bekkemellem. Gitarist og mannen bak dei sterke tekstane her. Når eg sette meg ned for å høyre plata bladde eg samstundes i det vedlagte tekstheftet. Og i motsetnad til mange andre plater, veldig ofte norske, så var det ikkje ei belastning å lese tekstane. Det var meir ein openberring. Dei er skrivne på Gudbrandsdal-dialekt. Og til hjelp for oss utanforståande er nokre av orda forklart på slutten av dei respektive tekstane i heftet.

Von slepp seg laus med "Planlaus". Men planlause er Von ikkje. Fin uptempo amerikanskinspirert rock i gata til mellom anna John Mellencamp. Med leadgitarist Odd Halvard Seteredal i fin form med autoritært gitarspel. Ei norsk utgåve av David Grissom (Joe Ely). "Ein fot innafor" høyrest ut som søskenbarnet til Eagles sin ”Life In The Fast Lane”. Igjen med flott gitarspel frå Seteredal. Effektivt samspel med banjo. Platas einaste coverlåt er countryballaden "Engel Som Ho". Ei norsk versjon av Trent Tomlinson sin "Angels Like Her", som eg tykkjer blir gjort betre av Von. Den er meir jordnær. "Ei Viku Te" er litt kjappare og meir sving i. Flott tekst om karen som klager same kva.

”Skull haft se ei viku te

så kjei at ’n går i kne

og heinn som vilde kvile ut

sku’ ha lada batteri

nytt mot te vinterstid

nå står kunn att ein slitin gut”

Det blir aldri nok ferie, og bondeangeren og I-landsproblema er aldri langt vekke:

”Bringa slit, ’n pusta tungt

Tå taxfree-tobakk døgnet rondt

Og aircondition-nåså ha ’n fått

Kort og pass vart stole åv

Travaleheite over’n rår

Eille ting ikring n virka trått

Og bil’n ha tæla der n sto

Så trist ’n kunn ha grete blod”

Dei aukar tempoet igjen på "Eit Etterlengta Møte". Og minner meg om ein av mine favorittar frå 90-talet, Texas-bandet Loose Diamonds. "Deinn Som Du Æ" er nok ein fin countryballade, denne gongen i duett med Hege Øversveen. Og ho høyrest mykje betre ut her enn på soloplata si. Det varslast styggevær på "Furukeill`n". Litt meir folkrock. Og ein ganske så elegant tekst:

"Tunge skye ligg og truga

Lummert værdrag heng og syg

Mo og myr i redsel ruga

Tord’vær kjøm som olme tyr

Lauv og gras det skjølv i spenning

Fuggelsangen stilna ha

Svart og dyster himmilkvelving

Spår um dæ som kåmmå ska"

"Dagen derpå" er det ein kan kalle streit countryrock, med ei fin situasjonsbeskriving:

"Sit her heilt forsuppa og prøva forstå

Kå det va som skjedd nedpå pub’e i gjår

E burde fått te å bremse nå, e ha vel prøvd det før

Men dæ n lære i fyll’n bli ofte gøymt bak tunge slør"

Eigentleg ganske klisjéaktig, men elegant beskrive. Orgelet ligg tjukt over "Rym, Reis, Struk". Ein halvtempo låt boren fram av litt Stones-riff i botn. Men det er orgelet som driv låten. "Bygdadyruppdrett" er litt tyngre og riffete. Småfunky. Med Seteredal i David Grisssom-modus igjen. Og så var det teksten då, teksten!:

"E ser du står og glåme

Så slevet heng i tåme

Du samla info åt din muntlige roman

Slik finn du tvilsom glede

Få ti det, dyrk og spre det"

Nok ei elegant beskriving, av eit universelt problem. Von er på denne plata i skikkeleg balladehumør, den siste heiter "Breinne Brue". Og nok ein gong fyrar dei i gong med orgel, og fyr blir det verkeleg i låten mot slutten. Med nok ein flott tekst. "Stor Skål" girar opp og avsluttar plata i godt tempo.

Bandet har levert nok ei plate dei kan være stolte av. Og eg håpar at dei no får den merksemda dei fortenar.

Musikk og spesielt tekstar ligg langt over gjennomsnittet innan sjangeren generelt. Og norsk musikk spesielt.

Roald Hansen

Kilde: www.firdaposten.no/platearbeidaren/article6953045.ece

Les mer om «Ein fot innafor» fra Von