Agnes Buen Garnås
Agnes Buen Garnås, f..23.10.46 har ein allsidig karriere bak seg som kvedar, medredaktør av visebøker, pedagog, instruktør, pådrivar og inspirator innan kvedartradisjonen.
Agnes er oppvaksen i Jondalen i Tuddal. Ho kjem frå ein kunstnarfamilie der mor, far og syskjen og no den yngre generasjonen, Ingvill Marit, Per Anders og Jon Elling også driv med kunstnarlege arbeid.
Mest har ho arbeidd i lag med sin yngste bror, Knut Buen. Blant ana i plateutgjevinga av "Draumkvedet" Mc/Lp/Cd Kirkelig Kulturverksted 84/89 -(spelemannspris ´84), "Stem våre understrenger" og "På gamle tufter" K.Buens tekstar/tonar Buen Kulturverksted Mc/Lp/Cd ´85 og ´88 med påfølgande konsert - og radio/tv produksjonar med same verk.
Heilt frå starten av sitt virke som utøvande, har samarbeid med musikerar av ulike genrar og songerar/kvedarar, i seinare år har òg samarbeid med andre kunstnerar vore ein leiartråd for Agnes. Også i det organisatoriske arbeidet har samarbeid vore vesentleg.