«Dansen»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Kan eg få be om di hand?
Kun te’ dansing, om du kan.
Eg treng nokkon som vi’ bli med.
Kanskje du kan hjølpe meg med det.

Eg veit at eg har sett deg før
ein gong, ein ana plass.
Me dansa sammen i et lyst palass
som skein i sol,
som sanndrøymt, tru meg på mitt ord.

Elt ho sa va’: ”Takk ska’ru ha,”
og snudde seg og såg ein ana stan.
Men han som va’ den beste
ville ikkje gje seg før han vann.
Han sa: ”Ein dans - eg og du - så hadde sol og måne blitt sjalu.
Så ver så grei og tenk deg om før du sie’ nei.”

Musikken spela dei høgt i sky.
Ho kasta seg i dansen og sa: ”Hør!
At du konne danse, det visste eg allereie i frå før.”
Og tid og rom va’ borte færr dom
som dansa te’ ingen a’ dom sto.
Dei ville bare danse. Såg på inaen og forsto
at ho og han
dansa i draumen som va’ sann.
Dei to på lag,
dansa heilt te’ neste dag.

Elt det gode det har visst ein slutt;
men denna dansen blei aller brutt.
Midt i dansen med tone og takt,
va’ det nokko han ville sagt:

”Om eg fekk leva 1000 år, men du ikkje fanns,
ville eg bytta bort hvert sekund om det va ein sjans,
å få danse med deg ein siste dans.”