Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Det er makt i de foldede hender» : «Ver ikkje redd» : Gunstein Draugedalen : Grammofon

«Det er makt i de foldede hender»Lytt

Tekst: Trygve Bjerkrheim    Musikk: Ø.Tønnesen

Det er makt i de foldede hender

Det der makt i de foldede hender,
i seg selv er de svake og små.
Men mot allmaktens Gud du dem vender,
han har lovet at svar skal du få.

Det er svar undervegs, engler kommer med bud.
Om det drøyer, det fram dog skal nå.
For det lovet jo løftenes trofaste Gud:
Kall på meg, og du hjelpen skal få.

Du som ber for ditt barn, dine kjære,
er i forbønn fra år og til år.
Om du tålmodets lekse må lære,
himlens bønnesvar engang du får.

Det er makt i de foldede hender,
når i Frelserens navn du får be.
Og en gang, når du livsløpet ender
hvert et bønnesvar klart skal du se.




To hender

To hender er tenkt til å takka,
så mykje vår Gud let oss få.
To hender er tenkt til å faldast
og lyftast i bøn mot det blå.

To hender er tenkt til å femna,
og ei til å støyta i frå.
To hender skal tårone turka
der dagen er traurig og grå.

To hender er tenkt til å signa,
og ikkje til harde å slå.
To hender er etla til yrke, –
det edlaste såkornet så.

To hender er tenkt til å tena
og trøysta dei arme og små.
To hender er tenkt til å gjeva
i kjærleik meir sælt enn å få.

To hender på krossen skal peika
so heim me til himlen kan nå.
To hender mot truna skal rettast
i fryd når me Herren får sjå.


Ver ikkje redd

Ver ikkje redd! Du har ein Frelsar
som kjøpte deg til Gud med blodet sitt.
Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar.
Guds barn du vert, eit evig liv er ditt.

Ver ikkje redd! Di synd er sona,
di gjeld betalt og Jesus leid din død.
For Kristi skuld du kvila kan og vona.
Han sjøl di rettferd er og livsens brød.

Ver ikkje redd! For faderhandi deg verna vil,
den armen fast deg held.
Han skal deg losa til du stend på strandi,
for Kristi verk i tid å æva gjeld.

Ver ikkje redd for framtidsdagen,
for solefallet og di siste stund.
Din Frelsar fører deg til livsens hagen,
der du for evig stend på sikker grunn.