Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Jesus tek seg av den eine» : «Ver ikkje redd» : Gunstein Draugedalen : Grammofon

«Jesus tek seg av den eine»Lytt

Tekst: Trygve Bjerkrheim    Musikk: Gnstein Draugedalen

Jesus tek seg av den eine

Jesus tek seg av den eine
som om ingen andre var.
Han har tid for deg når hine
tid og time ikkje har.

Jesus tek seg av den eine,
nett som doggi glitreklår,
i den stille sumarstundi
heile morgonsoli får.

Jesus tek seg av den eine
om du minst av alle var,
vil han møta deg med kjærleik
som trufast bror og far.

Jesus tek seg av den eine.
Sæl kvar ein som går til han.
Dag for dag han vil deg leia
til du når det gode land.