Arven etter Kenneth Sivertsen
Avisartikler · Aftenbladet · Kenneth Sivertsen levde så sterkt at Astrid Kloster føler nærværet hans enno. Med albumet «Spor» ønsker ho å løfta fram musikken hans på nytt.
- Media har hatt ein tendens til å løfta fram klovnen Kenneth. Så mykje at klovnen har skugga for kunstnaren, musikaren og komponisten, seier Astrid Kloster.
Frå før er Stavanger-artisten kjent som vokalist i Aftenlandet, og stemma bak radiogjengangarar som «Tidleg morgon i mai». Men i kveld feirar ho si første soloplate, «Spor», med releasekonsert på Sting. «Spor» er basert på musikk og tekstar etter venen og samarbeidspartnaren Kenneth Sivertsen, som døydde julafta i fjor.
- Kenneth hadde vanskelig for å porsjonera seg, både i kunsten og i livet. Det kan både vera ein styrke og ein akilleshæl for ein kunstnar. Å vera så åpen og ærlig som han, både i musikken og i Se og Hør, kan slå tilbake, seier Kloster.
Full klaff
Ho møtte Kenneth Sivertsen først gong i 1999. Aftenlandet skulle spela inn plate, og Sivertsen skulle vera med, som komponist og gitarist på songen «Aldri». Møtet blei såpass vellukka at Aftenlandet og Sivertsen begynte å turnera saman og gi dobbeltkonsertar, før Sivertsen og Kloster begynte å samarbeida og gi konsertar saman.
- Me fann kvarandre, både musikalsk og menneskelig, seier Kloster. Meininga var at Sivertsen skulle skriva musikken til det som skulle bli Klosters første soloplate.
- Men så blei han for sjuk til å kunna gjennomføra prosjektet, seier Kloster. Ideen om å laga ei plate med viser Sivertsen allereie hadde skrive, dukka opp då ho blei spurt om å framfør ein song av ein norsk artist ho sette høgt i programmet «Norsk på norsk» på NRK P1. Kloster valde «Det nye toget» av Sivertsen.
- Kva liker du så godt med Sivertsens musikk?
- Som vokalist er eg veldig glad i vakre melodiar. Dei finn du både i visene og dei klassiske stykka til Kenneth. I tillegg var han ikkje redd for å ta fram dei store, sterke kjenslene, seier Kloster.
På albumet prøver ho å visa noko av spennet i Sivertsens sjelsliv, der det vekslar mellom latter og tårer, og går frå mørk dødsdrift til ei sterk draging mot kjærleiken, livet og det vakre.
Ærlig
- Som artist prøver eg å vera like ærlig som Kenneth , gi av meg sjølv, våga å ta fram melodramatikken og melankolien ein finn så mykje av i desse visene, seier Kloster. Ho hadde eit rikelig materiale å velja i.
- Utfordringa blei å avgrensa talet på balladar. Kenneth var jo ein melankolikar, men eg har prøvd å få med noko av det meir sprelske også.
- Er det over og ut med Aftenlandet når du går solo?
- Nei. Eg har jobba lenge som soloartist ved sida av Aftenlandet. Me har 85 prosent av materialet klart for ei ny plate. Aftenlandet er eit band å bli gammal i, svarer Kloster.
jan.zahl@ aftenbladet.no
Les mer om «Spor» fra Astrid Kloster