Festa seg mellom øyregangane.

Festa seg mellom øyregangane.
Festa seg mellom øyregangane.

Avisartikler · Gudbrandsdølen Dagningen · 300 møtte fram for å høyre Lomsk sleppe ny plåte på Jørundgard i går kveld. Ein superduett festa seg mellom øyregangane…

300 møtte fram for å høyre Lomsk sleppe ny plåte på Jørundgard i går kveld. Ein superduett festa seg mellom øyregangane… Lomsk vermde opp med sine aller beste frå fire tidlegare produksjonar da den nye CD’en «Lavrans dotter» skulle lanserast på Jørundgard i går kveld. Det bidrog til å få 300 frammøtte med på notene frå første stund. Kven nynnar vel ikkje med på fjorårets store radioslager «Som å kome heim», Amerikabrevet og Blått blod over Besseggen… Etter eit kvarters pause med presentasjon og sang av gjesteartisten som vi skal koma sterkare attende til seinare, var det klart for 12 nye melodiar og tekster bygd på ei av bøkene i romantrilogien til nobelprisvinnar Sigrid Undset, Kransen. Ein litt var intro med bruremarsj og sang om vesle Kristins møte med alvemøyen, huldra, og Dagen døden kom til Ulvhild, før det brakar laus i godt attkjenneleg Lomsk-stil i ei veksling mellom hard folkrock og mjukare balladar. «Tvi deg» og «Om eg svik» får vi nok høyr meir til. Multimusikant Reidar Svare vedgjekk at det leitar på å spela hardrock, han måtte få att pusten for å traktere fløyta. Men han tok det att til gagns. Spesielt i duetten med Helene Bøksle. Det vart eit uforgløymeleg møte mellom vår eigen måltrost frå Ottadalen og sanglerka frå det blide Sørland, Mandal. «Lov» er tittelen på sporet som vil gjera aller mest av seg på «Lavrans dotter».

Kilde: Kilde Gudbrandsdal Dagningen

Les mer om «Lavrans dotter» fra LoMsk