Grenselaust vakkert

Kristin Skaare, multimusikant med salmar og songar du vil bli glad i.
Kristin Skaare, multimusikant med salmar og songar du vil bli glad i.

Plateanmeldelser · Dagsavisen · «Jag kan icke räkna dom alla» er ein svensk klassikar blant salmar. Som liten trudde Kristin Skaare det handla om matematikk. Det er den første songen på den vakraste plata denne hausten.

Dei salmekunnige vil vite at teksten er av Lina Sandell, og at det ho ikkje kan rekne opp er «de prov på Guds godhet jag rönt». For Kristin Skaare er det ein av songane som kom til henne då ho sette seg ved pianoet og leitte etter stilla, som det står. Multiinstrumentalisten som på piano og trekkspel har medverka på mellom femti og hundre plater med kremen av norske artistar i alle sjangrar, som elles har ei merittliste av musikalske prosjekt ho har vore med på som fyller ei bok, som sjølv solodebuterte i 1999 med «Amoramorama» – ho var også den første kvinneleg pianisten på jazzlinja ved Institutt for Musikkvitenskap i Oslo. Om det er grunnen til at eg ein stad blir mint om Jan Johansson, er ikkje godt å seie, men musikken det gjeld heiter «Sakrale virvler», der komponisten Egil Hovland er innblanda, saman med eit vakkert finsk stykke frå 1500-talet. GRENSELAUST Dermed er sjangergrensene oppheva på dette albumet, der «Å Jesus du som fyller alt i alle» og «Leid milde ljos», vedunderleg vakkert tolka, er like naturlege å ha med som Skaare sine songar, nokre laga i samarbeid med andre, alle med noko sakralt i leten. At mange salmar høyrer til dei vakraste i heile songskatten, er noko musikarar veit. Same korleis dei blir spela, høyrer du at det er ein salme. Kristin Skaare tolkar alt instrumentalt på albumet «Var», der ho har med Bjørn Kjellemyr på bass og Jon Christensen og Erland Dahlen vekselvis på trommer. Tankane ho har gjort seg rundt musikken, ein stad inspirert av Hans Børli, skriv ho om undervegs. På Åge Samuelsens «Å Jesus du som fyller alt i alle» brukar ho trekkspelet, på ein melodi «så vakker at jeg måtte gi den litt skygge». Slik er det på dette albumet eg aldri blir lei av, og eg avsluttar Lina Sandell: «Jag kan icke räkna dom alla. Men ack må jag tacka dess mer». ROALD HELGHEIM

Kilde: Kilde Dagsavisen

Les mer om «var» fra Kristin Skaare