Klare for Hamsunpremiere
Avisartikler · Gudbrandsdølen Dagningen · Fallhøgda er stor, men vi hoppar nå berre etter oss sjølve da, seier Endre Skjåk med ein skjelmsk smil
Fallhøgda er stor, men vi hoppar nå berre etter oss sjølve da, seier Endre Skjåk med ein skjelmsk smil. Onsdag kveld er det premiere på Diktarplager 2 i bygdatunet Presthaugen i Lom, torsdag i bygdatunet Jutulheimen i Vågå. Det blir berre ei forestilling til i år, på Fagernes 5. september. Til gjengjeld kjem CD’ en denne gongen ut likt med premieren, ikkje lenge etter som den førre. Samanslutninga ”De Plagede” og Jotunheimen Underholdning, med utspring i det populære folkrockbandet Lomsk, gjorde furore med sin første kabaret under Diktardagane i Lom for to år sia. Nå er det heilt og fullt Hamsun og diktssamlinga ”Det vilde Kor”. - Dette er delvis eit bestillingsverk frå den nasjonale jubileumskomiteen for Lom og Vågå, og det synest vi sjølvsagt er artig, seier foregangsmann Endre Skjåk.Kilde: Kilde Gudbrandsdal Dagningen
Les mer om «På gjengrodde stier» fra Diktarplager