Mannsalder i folkerocken. Bandet LoMsk feirar 30-årsjubileum med CD,DVD
Avisartikler · Gudbrandsdølen Dagningen · Det er ikkje uvanleg at folk som har vore i same bransje i 30 år. får Norges Vels medalje.
Folkrockbandet LoMsk feirar sin første mannsalder med å gje ut jubileums-CD. Og tenkje attende på då
dei var hos Gunvor Hals og Tande P i beste sendetid på NRK.
LILLEHAMMER: Den andre mannsalderen har dei så vidt byrja å tenkje på. Han vert ganske så sikkert ikkje som den første. Men neppe meir annleis enn at karane
framleis kjem til å skrive songar, synge, spele og sikkert gje ut plater. Jubileumsalbumet, som har tolv låtar frå den store konserten som var halde i Vågå kulturhus
tidlegare i år og sendt i Radio Rock, er det og med fire songar spelt inn i studio, som aldri har vore gjeve ut før no. Alle gamle lydopptak er miksa og mastra opp
att for å gje jubileumsplata høgast mogleg kvalitet. Dessutan er det med ein DVD med eldre, ikkje fullt så gamle og nyare opptak. Mellom anna frå beste sendetid i NRK fjernsynet hos Hals og Tande P, og då dei var gjestar hos Jarl Goli i Østnytt.
Gjennombrotet og nedturen Første gong eg høyrde og såg LoMsk live var på vassholet Landhandleriet i Storgata i Lillehammer, attende til tidleg på 1990-talet. Utover i det same tiåret vaks ambisjonane til medlemmene samstundes som forventningane
frå publikum, særleg i dalen, auka. Det blei snakka om nasjonalt gjennombrot. Norske Gram hadde satsa på Postgirobygget og DDE.
No ville dei køyre fram LoMsk. – Vi blei lova TV-promotering; vi skulle bli store i kjølvatnet til mellom andre DDE. Ein i bandet sa jamvel opp snikkarjobben sin.
Vi blei hausa veldig opp, sende til Oslo, der kvar av oss budde på einerom på hotell. Åge Aleksandersen var produsent for innspelinga av albumet «LoMsk». Nedturen
var bratt; ikkje lenge etter gjekk Norske Gram konkurs, hugsar vokalist og frontfigur Lars Bakke, mannen bak dei fleste tekstane.
– Eg fekk høyre ein gong at det vanskelege med LoMsk var at vi var eit crossoverband, som ikkje var lett å plassar i sjanger. Vi spelte jo på alt frå country- til blues- og
gammalfestivalar. Det kan vere ei forklaring. Samstundes som vi måtte «slåst» med band som Hellbillies og DDE, som båe hadde store apparat i ryggen og den eine
hit-en etter den andre, hadde vi litt skuld sjølve. Vi var ikkje profesjonelle nok til å selje oss, og vi hadde vanlege jobbar ved sida av. Han som sa opp jobben sin er forresten
for lengst attende med hammar og spikar, humrar Bakke.
Gynt og Amerika Ein lang periode etterpå var LoMsk nærast eit reint pubband. Det skulle og gå meir enn seks år før neste album kom ut, då Tylden & co opna døra. I 2005 gav dei ut «Bukkerittet», som tok for seg Henrik Ibsens «Peer Gynt». Tittellåta vart A-lista på NRK P1. I 2007 kom «Amerikabrevet» med tema frå den store utvandringa frå Noreg til Amerika. Låten «Som å koma heim» vart i nærleiken av ei landeplage, og plata blei jamvel nominert til Spellemannsprisen.
To år seinare gav LoMsk ut albumet «Lavrans dotter», inspirert av Sigrid Undset sin romantrilogi om Kristin Lavransdatter. Mykje av det LoMsk har laga og gjeve ut har gjerne eit tema. Lars Bakke, som skriv nesten alt, fortel at frå han var ung (han er snart 53), har vore fascinert av stor band som Jethro Tull og The Who. Dei brukte nemleg ofte tema. Musikalen «Tommy» er berre eitt døme. Eg byrja sjølv å leite etter gode historier. Etter kvart fann eg ut at ein ikkje trong å reise verda rundt; enkelte av våre eigne historier var like gode som «1001 Natt». Så eg byrja å arbeide med ting det var godt å skrive om; eg var oppteken av at det skulle vere tekstar med meining og innhald. Av dette blei det CD-ar, 12–13 låtar, som hadde ein heilskap. Eg brukte ting frå historia eller litteraturen vår til å binde songane saman. Det gav også stort spenn i musikken. Etter kvart som eg fekk ungar, såg eg og at songar og plater som «Bukkerittet» og «Amerikabrevet» kunne vere ein god og lett inngang for den unge generasjonen til å bli nyfikne på litteraturen og våre eigne forteljingar. Tekstane kunne inspirere til lese bøkene, sjå teaterstykka osv.
Fire av sju er med enno Tre av dei som var med i LoMsk frå starten har forlate bandet. Dei sju som i dag utgjer folkrockgruppa (fem var til stades då GD laga intervjuet), er Ole Foss, Jørn Kjonerud, Reidar Svare, Trond Volden, Jørn Steine, Hans Bakke og altså Lars Bakke. Etter jubileumsturneen i sommar og platesleppet denne veka blir det konsert i Moelv kommande fredag. 28. august er LoMsk gjestar i «God Morgen, Norge» på TV2. 7. september skal dei spele låtar frå «Bukkerittet » i eit Peer Gynt-prosjekt som
elevane på Lom ungdomsskule set opp. 15. september speler dei på festivalen Blå Tonar Under Breen i Jostedalen. Og 27. oktober heisar dei 30-årsflagget
gjennom ein stor konsert på Vinstra. Av Per Ivar Henriksbø
Les mer om «Live!30 år med LoMsk» fra LoMsk