Rå og upolert roots frå Rita

The tree still standing
«The tree still standing»

Plateanmeldelser · Avisa Hordaland · Rita Engedalen har det meste som skal til for ein artist i roots/bluesfeltet. Ei kraftig, rett-på-sak røyst, gode låtar og eit backingband som let kanonbra.

Rita Engedalen slepper sitt nye album «The tree still standing» under Voss Blues & Roots Festival denne helga.

Rita Engedalen har det meste som skal til for ein artist i roots/bluesfeltet. Ei kraftig, rett-på-sak røyst, gode låtar og eit backingband som let kanonbra. Sidan ho i 2006 fekk Spellemannsprisen i blues-klassen for CD’en «Heaven ain’t ready for me yet», har pila peika oppover for Rita. Dei seinaste åra har ho også vore ein populær og trufast gjest på Voss Blues & Roots Festival, og fredag kveld er ho attende.

Ikkje berre har ho valt Voss som den offisielle sleppeplassen for den nye CD’en, ho går også att gjennom programmet alle tre dagane; med start i Fredriks Blues Bar fredag kveld, via Hanguren Blueslift og Fraktgodsen Blues Stage laurdagen, før ho avsluttar saman med Paal Flaata og Gøran Grini på kyrkjeskonserten i Vangskyrkja sundag. Rita Engedalen skriv i all hovudsak både tekstane og låtane sjølv.

Den musikalske inspirasjonen hentar ho frå dei amerikanske sørstatane, med Hill County i Mississippi som utgangspunkt. Stilen er gjennomført akustisk, med den nerven og intensiteten denne tilnærminga gjev. I tillegg til sitt faste band «Backbone», har ho på innspelinga i Juke Joint Studio på Notodden fått med seg ei rekkje store namn med pianist Ketil Bjørnstad i spissen.

Desse er så absolutt med på å setja sound’en. «The tree still standing» er eit solid og gjennomført album av eitt av våre store namn innan roots- og bluessjangeren. 

NIls Kvamsdal

Kilde: www.avisa-hordaland.no/fra-lesarane/musikk-ra-og-upolert-roots-fra/::art

Les mer om «The tree still standing» fra Rita Engedalen