Samtidscowboyar frå Bø

Byting
«Byting»

Plateanmeldelser · Dag og Tid · Byting får tematikken til å stå fram som interessant og mangfaldig – både som musikk og livsstil.

Tettstaden Bø i Telemark er ein kulturell smel- tedigel. Her møtest amerikansk countryrock og hardingfele, nasjonalromantikk og rånekul- tur. Og alle desse elementa er til stades hjå folkrockbandet Byting som er ute med den før- ste plata si. Eg er ofte usikker på om musikken og tekstane er meinte som ironisk kommentar eller hylling av denne kulturen, men uansett: Byting får tematik- ken til å stå fram som interes- sant og mangfaldig – både som musikk og livsstil. Der akade- mikarane ved høgskulen skriv vitskaplege analysar av bygde- kulturen, presenterer Byting ei fortolking som bør tala til eit
breiare publikum.
COUNTRY
Det musikalske utgangspunktet er country, rock og folkemusikk (hardingfelespelet til Per Anders Buen Garnås). Det er velspela og godt produsert, men ikkje bane- brytande. Originaliteten ligg meir på det tekstlege planet.
Visene til vokalist Thomas Hellekås på bømål er ofte av det bittersøte slaget: «For hvis du’kje trur på tussar eller trøll / så tru heller ikkje ho som lovar huldre- sølv».
SVART HUMOR
Humoren er av det svarte sla- get og krinsar rundt tema som bilkøyring, spritflasker, djevlar, slåsting og blod, men med eit underliggande alvor som gjer dette til noko meir enn karsleg
underhaldning på lokalet. Plata tonar ut med «Høvdingen», som er ei vakker oppsummering av kva Byting står for: «Så følka i Himmelen kan glede seg nå / der du kjem i bootsa og pilotbrillun på. / Du blir nok et midtpunkt med harpa som lét. / Eg minnest deg bestandig med latter og gret.»
Anmeldt av Sigbjørn Apeland, Sigbjørn er musikar, musikkvitar og fast folkemusikk­ meldar i Dag og Tid.

Les mer om «Byting» fra Byting