Von et ekte albumband5

Mange veigje
«Mange veigje»

Plateanmeldelser · Firdaposten · Von har levert eit heilt produkt og tidvis heilt glimrande.

Dette er for meg eit nytt band som er ute med si andre plate. Bandet kjem frå Gudbrandsdalen og treng ein referansar er det lett å peike på Hellbillies og spesielt Ni Liv. Grunnen er sjølvsagt at dei syng på dialekt. Men også den heilt tydelege inspirasjonen frå amerikansk musikk. Sjølv om Von er litt meir breibeinte og tøffe. Med litt høgare gitarar og mykje brusande orgel, og dei går ikkje av vegen for å plukke frem banjo og mandolin heller. ”Deinn Lange Reisa” har ein intro som gjer meg ein svak aning av byrjinga på The Who sin ”Baba O’Riley”. Og då er vi ikkje inne i CSI New York. Men kanskje CSI Sel. Ein låt som på sin eiga måte er like monumental, med tøff slidegitar undervegs. Ein snev av garasjerock kviler over ”Gild Kar”. Og på sin måte like monumental som førstelåten. ”Motbør” senkar tempoet litt, og fyller på med tungt orgel, og det heile sig frametter som ei elv av god lyd. Ein hylling til heimstaden følgjar i ”Blant Høge Fjell”. Eit litt høgare tempo er tonefølgje litt songen om heimlengt, med ein smakfull banjo liggande i botnen. ”Åt De” er platas første ballade. Og er den som minnar meg mest om Hellbillies. Når det er sagt tykkjer eg Von er betre enn hallingdølene. Eg likar mange låtar med Hellbillies, men dei har for meg aldri vore eit albumband. Men det er derimot Von, dei har levert eit heilt produkt. Eit album som i mine øyre ragar over det før nemnde band har gjort. Opp med tempoet på ”Frå Son Te Far”. Nok ein låt som går og går med eit klart mål i blikket. ”Flukt” køyrer vidare med eit fint refreng. Og sjølvsagt høg kvalitet på låten med mykje fine gitarfylllingar. Platas andre ballade, ”Heimplassen”, plukkar fram både mandolin, banjo og akustisk gitar. Alt spelt til tider virtuost. Ein fin beskriving av heimstaden. ”Solreinning” aukar trykket litt og observerer verda mens den vaknar. Med ein rivande orgel- og gitarsolo, dette er platas tøffaste låt. Riffing opnar ”Født Te Å Få Te Illt”. Og står etter kvart fram som Gudbrandsdalsutgåva av DumDum Boys. Nok ein tøff låt med fint samspel av gitarriff og orgel. ”Berre I Verd’n” markerar at vi har kome til vegs ende. Og av ting minner banjoklimpringa i byrjinga meg om Teenage Fanclub. Resten av låten kan minne om ei folkrockutgåve av nemnde band. Den er samstundes ei veldig fin avslutting på ei veldig fin plate. Som fleire burde oppdage. Tidvis heilt glimrande. Roald Hansen

Kilde: Kilde Firdaposten

Les mer om «Mange veigje» fra Von