Krom «Hopp, Karoline!»


DET VAR ETTER Å HA SETT SVENSKE NISSE HELLBERG VARME OPP FOR CHUCK BERRY AT TANKEN OM Å GJERE ROCKABILLY PÅ NORSK SLO OSS. JO VISST VAR DET STAS Å SJÅ LEGENDEN CHUCK BERRY, MEN DET VAR DEN GAMLE WILMER X-SJEFEN SOM BERGTOK OSS MED SITT ORIGINALE TEKSTUNIVERS OG KLASSISKE ROCKABILLY-BESETNING. DETTE HADDE VI LYST Å GJERE OGSÅ! PÅ NORSK SJØLVSAGT. MORGONEN ETTER, I RESTANE AV EIN HEFTIG KVELD OG I MØTE MED KONVENSJONELT FAMILIELIV, BLEI VÅR FYRSTE LÅT, «DÅRLIG STEMNING» TIL. ETTERKVART KOM FLEIRE OG FLEIRE SONGAR RUSLANDE I NYVUNNEN BEGEISTRING FOR AT VI ENDELIG KUNNE SKAPE SONGAR PÅ EIT NYTT ROCK’N’ROLL SPRÅK SOM VI HADDE FYRSTEHANDS KJENNSKAP TIL. VÅRT EIGE MÅL.
DEI FYRSTE ROCK’N’ROLL-SONGANE VI KJENNER DREIER SEG I STOR GRAD OM FASCINASJONEN FOR KVINNEKROPPEN OG DENNE SINE IBUANDE MULIGHETER, FOR Å SEIE DET LITT HØFLIG. SAMT SVIR OG FANTERI. SJØLVSAGT FORKLEDD I FLORLETTE METAFORAR. «HOPP, KAROLINE» ER EI SAMLING ROCK’N’ROLL-SONGAR MED UTGANGSPUNKT I DET SAME, MED KRYSSANDE SPOR FRÅ VÅR EIGEN VIRKELIGHET. FRÅ DEN HEIMKOMNE, SLITNE, TURNERANDE FAMILIEFAREN I TITTELKUTTET, VIA KNALLSTERK HALLINGKAFFI TIL BUNNLAUS ANGER I «ALDRI MEIR». INNIMELLOM MØTER EIN OGSÅ BÅDE EIN FYLLIK, SATAN SJØLV, EIN MISJONÆR, EIN MANNDOMSLAUS KAR, EIN SVOLTEN KATT OG EIN ELDRE HERRE MED KROPPSLUKTUTFORDRINGAR. AV OG TIL KJEM INSPIRASJONEN FRÅ HEILT UVENTA HALD. SLIK SOM NÅR EIN MÅ IRETTESETTE PODEN FOR TREDJE GONG SAME DAG. DU STILLER HAN TIL VEGGS OG SPØR; KVIFOR SKJEDDE DETTE NO IGJEN? SVARET ER SJØLVSAGT; DET BERRE SKJER! ROCK ’N’ ROLL KAN HELLER IKKJE PLANLEGGAST, TAKAST HØGDE FOR ELLER
ANALYSERAST I HEL. DET BERRE SKJER. NOK PRAT. DET HAR VORE EIN SANN SVIR Å DIKTE DESSE SONGANE!

KROM ER:
Odd-Erik Lothe: VOKAL OG AKUSTISK GITAR
Ståle Sondrål Wick: VOKAL OG YMSE GITARAR
Frank Reiten: KONTRABASS OG KOR
Morten Andreas Pisani:TROMMER OG KOR
Innspelt live i Memphis Bound Studio 21.-25. januar 2015 Teknikk: Glenn Gran og Magnus Østvang. Produsert av Ole Reinert Berg Olsen

Låtoversikt

  • SpornrTittelTekstMusikkTid
  • 1Hopp, KarolineOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:27
  • 2Dårlig stemningOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:52
  • 3FyllikenStåle Sondrål WickStåle Sondrål Wick02:42
  • 4KjønnsbluesOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:50
  • 5Topp te tåOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:18
  • 6GamlemannsluktOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:26
  • 7Mannen med ljåenStåle Sondrål WickStåle Sondrål Wick03:33
  • 8Det berre skjer!Odd Erik LotheOdd Erik Lothe02:06
  • 9MisjonærOdd Erik Lothe/Ståle Sondrål WickOdd Erik Lothe/Ståle Sondrål Wick03:11
  • 10Djevelens blodOdd Erik LotheOdd Erik Lothe03:16
  • 11Kjerring te karOdd Erik LotheOdd Erik Lothe02:30
  • 12HallingkaffiStåle Sondrål Wick01:29
  • 13MusesjukOdd Erik Lothe/Ståle Sondrål WickOdd Erik Lothe/Ståle Sondrål Wick03:18
  • 14Aldri meirOdd Erik LotheOdd Erik Lothe05:12