Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Båe sider no» : «Båe sider no» : Erlend Gunstveit : Grammofon

«Båe sider no»

Tekst: Joni Mitchell / Norsk tekst: Johannes Gjerdåker    Musikk: Joni Mitchell

Englevengjer fritt i flaum
Iskremslott i luftig straum
Og mjuke dalar djupt i draum
Slik såg eg skyer før
men no er skuggar i kvar sky
Der berre snø og regn har ly
Eg stundar tidt mot sol på ny
Men møtte skytungt slør
Eg her sett båe sider no
Og eg må seia om dei to
Eg hugsar skyer eg har drøymt
Kva skyer er, det har eg gløymt

Ljos og ros ei juninatt
Då svimre hjarteslag kom att
Og eventyret levde radt
Slik såg eg kjærleik før
Men no har allting endra seg
Dei berre smiler når du dreg
Så la dei aldri kjenna deg
Kvar du i verda trør
Eg har sett båe sider no
Og eg må seia om dei to
Eg hugsar kjærleik eg har drøymt
Kva kjærleik er, det har eg gløymt

Våt av gråt og hjartans kløkt
Ei ung sjel sa ho elska høgt
I medan allting skifte snøgt
Slik såg eg livet før
Men no har vener vendt seg frå
Eg ekje lenger å forstå
Om mangt gjekk tapt er mangt å få
I livet ved mi dør
Eg har sett båe sider no
Og eg må seia om dei to
Eg hugsar draumar eg har drøymt
Kva livet er, det har ...
Eg hugsar draumar eg har drøymt
Kva livet er, det har eg gløymt