Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Kvitvin eller kald rosé» : «Kvitvin eller kald rosè» : Olav Stedje : Grammofon

«Kvitvin eller kald rosé»

Tekst: Finn Tokvam    Musikk: Svein Dag Hauge

Du veit hausten er så lunefull
vind og regn og berre tull
Og Herr Vinter kan få gå i fred
Eg vil ikkje vere med

Men når våren kjem i joggesko
og skjenkar i eit glas og to
vil det lysne i eit søvnig sinn
for sommaren vil inn

Så hell fløyte og strø sukker på litt jordebær
For tida vi har lengta mot er endeleg her
Og det eg lurar på det er
Vil du ha kvitvin eller kald rosé?
Vi har det betre no enn bra
Her kjem fire bleike bein - berrføtte på solvarme sva

Går i dagen med sin lyse kveld
Og du er her, alt på stell
Gi meg elvesus og kyss på kinn
Og sei at du er min

Eg har sagt det før, og seie no
Da e du som gjer meg god
Og kall det gjerne ein klisje
Eg leve godt med det


Så hell fløyte og strø sukker på litt jordebær
For tida vi har lengta mot er endeleg her
Og det eg lurar på det er
Vil du ha kvitvin eller kald rosé?
Vi har det betre no enn bra
Her kjem fire bleike bein - berrføtte på solvarme sva


Og det eg lurar på det er
Vil du ha kvitvin eller kald rosé?
Vi har det betre no enn bra
Her kjem fire bleike bein - på eit sva

Og det eg lurar på det er
Vil du ha kvitvin eller kald rosé?
Vi har det betre no enn bra
Og her kjem fire bleike bein - berrføtte på solvarme sva

Vil du ha kvitvin eller kald rosé?
Vi har det betre no enn bra
Og her kjem fire bleike bein