Ni Liv «Songen om i morgo»

Americana-bandet Ni-Liv fra Bø i Telemark har 20 års jublileum i 2023. Jon og Joffe skriv låter, med hyppig input fra Terje, Knut og Eivind. Ny singel før sommeren og jubileumsalbum kommer i oktober, bare å glede seg.

Dette albumet er ei hylling til familien. Grunnmuren som me i bandet bygger på. Som me alle bygger på. Familien er ingen klisjé, sjølv om dette cover-fotoet sat langt inne for eit par i bandet. Familien er ingen sjølvsagd ting. «Vi må ta bildet nå, før folk begynner å skille seg», sa Elisabeth, kona mi. Det er slikt ho kan finne på å seie.

Jan Birger Akerhaugen og eg samarbeider om låtskrivinga. Me lagar musikken saman, og eg skriv tekstane. Så møtest me, alle i bandet, og arrangerer. Me starta med 25 låtar, og enda opp med desse 10. Det er folk i musikken. Frå Telemark til Tennessee, som eg skreiv ein gong. Det er vise og rock, austkyst og vestkyst, land og by, fjell og skogar.

I tekstane er det historier å følgje med på, refreng å synge med på, og det sleng ei og anna strofe til ettertanke. Tekstane er skrivne til publikum, til ungane, og til meg sjølv. I Kjør skal me «Jakte ein plan og fange’n». I Ting me veit prøvar eg etter beste evne å forklare ein 10-åring kva krig er for noko. Slett inga lett oppgåve. I Ikkje gå heim er det flaum og ekstremvêr. Stormen «Hans» er her nå, i skrivande stund. Det var eit anna uvêr, den gongen.  

Røvar og banditt handlar om å finne kvarandre att. Idiot, ja idiotar kan me alle vera, om nokon skulle finne på å tru noko anna. Eg bur ved Skogen. Der møtte eg mange i pandemien, færre nå. Gode tømmerprisar er det også. Sirener i styrtregn kunne handla om meg sjølv for halve livet sidan, da postmodernisme dukka opp i pensum, men eg trur visa handlar om mange. Eg er ein som ofte Har det på hjertet, eller på tunga. Derfor skriv eg meir enn eg pratar. Det er ikkje bare ei ulempe. Viss eg var 7 igjen er ingen «offer-låt». Men eg prøvar å lære ungane mine å vera tøffe og snille. Ikkje bare ein av delane.

I Songen om i morgo feirar me bygda, slitet, livet, kjærleiken, og «måla me aldri greidde å nå». Som fekk oss på beina, og som fekk oss til å gå.» «Du er ikkje skada, du har bare slått deg litt», var det ein fotballpappa i Bø som sa til den 13-år gamle sonen sin etter ei hard takling. Eg var trenar. Sonen var lei seg, sjølvsagt, og måtte ta seg ei pause. Snart sprang han ut på banen igjen. Den replikken stal eg.

Det er vanskelegare å halde eit band saman enn ein familie. Sjølv om Joffe har rett når han seier at: «I perioder har jeg brukt mere tid med deg enn med kona mi». Bandet fungerer som eit intenst avstandsforhold med delt foreldreansvar for musikk og konsertar. Låtane er ungane våre. I 2018 gjekk me i samtaleterapi. Men i begge tilfelle, i familien og i bandet, gjeld det å ha stor takhøgde, slakke taumar, mykje dialog og mykje smil. Ein må ha tru på prosjektet, og ikkje gløyme å ta med seg sjølv og kvarandre langs vegen.

Me har gjort mange feil som var riktige, og mykje riktig som var feil. Me har krangla også. Om korleis låta Songen om i morgo skulle spelast inn, til dømes. Tre modulasjonar høyrer ikkje heime i Ni Liv. Men 20 år er ikkje så verst. Me er stolte av alle 20. «Kor mange liv har du att nå?» er det nokon som spør meg av og til. «Minst eitt», svarar eg. Minst eitt liv har me att.

Jon Solberg, august 2023

Ni Liv består: Eivind Aase - trommer og sang. Jan Birger «Joffe» Akerhaugen - gitar, banjo og koring, Knut Olav Sandvik - bass og sang, Jon Solberg - sang, gitar og fele, Terje «Meisen» Meisingset - piano, orgel, trekkspill og koring.  Produsert av Ni Liv og Christer Krogh.

Låtoversikt

  • SpornrTittelTekstMusikkTid
  • 1KjørJon SolbergJon Solberg00:00
  • 2Ting me veitJon SolbergJon Solberg00:00
  • 3Ikkje gå heimJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 4Røver og bandittJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 5IdiotJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 6SkogenJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 7Sirener i styrtregnJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 8Har det på hjertetJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 9Viss eg var 7 igjenJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00
  • 10Songen om i morgoJon SolbergJon Solberg/Jan Birger Akerhaugen00:00