«19 kronblad»
Tekst: Marie Tveiten/Anna Maria Kristin Tveiten Musikk: Marie Tveiten
Gje meg blikket du sendernår du set meg av heime hos meg,
sein kveld.
Gje meg smilet som fær meg
te å smile tebake
utan grunn.
Eit lite magisk sekund.
Gje meg handa eg kjenner
fast og trygt held me hender
langs vårvill elv.
Ingen middelhavsstrender fær meg bort herifrå
for mens fuglan syng,
ligg me i blåbærlyng.
Ref:
19 kronblad på ein prestekrage
Treng ’kje meir, treng treng ’kje fleir
19 kronblad, gjev meg svaret eg elskar.
At eg elskar,
Dine magiske sekund.
Gje meg orda du hviskar
i mitt øyre før me reiser
te draumeland.
Kvar gong føtane mine
er som is, smeltar du dei i din barm.
Du gjer meg gjennomvarm.
Ref.
Bridge:
Gje meg tid, eg he kløkkur nok i fleng,
det er tida eg treng
All dyr vin let eg stå, lat meg heller få smake,
før sol gjeng ned,
bær frå ditt kirsebærtre,