Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Anne-Marie» : «Anne-Marie» : Byting : Grammofon

«Anne-Marie»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Bølgene på havet dei lokka han til sist.
Mønstra på i Brevik som yngste maskinist.
Lova seg til havet og skuta Anne-Marie.
Sjømann i si sjel til evig tid.

Han vil aldri meir tilbake, til livet sitt på land.
Han seilar utpå havet ein stan’.
Og om du luttar øre når stormen er forbi,
hører du frå skuta Anne-Marie.

Sørover i Nordsjøen og havets kirkegård.
Bølgun ved Biscaya dei la seg i et hår.
Vidare til Palermo med gods frå Rotterdam.
Arbeidet adla ein mann.

Å dei ankra ved Sri Lanka og bunkra i Bomabay.
Stempelsjauing når dei låg til kai.
Og om du luttar øre, når stormen er forbi.
Hører du frå skuta Anne-Marie.

Brått så blei det stille fyre himmelen tok form.
Han kjente på ein lengsel, i den stille storm.
Den flygande Hollender seila fint forbi.
Tok med seg skuta Anne-Marie.

Han kjem aldri meir tilbake, til livet sitt på land.
Han seilar utpå havet ein stan’.
Og om du luttar øre, når stormen er forbi.
Hører du frå skuta Anne-Marie.