Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Anneli» : «Leva meg opp» : Ni Liv : Grammofon

«Anneli»

Tekst: Jon Solberg    Musikk: Jon Solberg

Jønnet e varmt, eg ser du prøvar smi
og skyte sjekketriks frå hofta di
Men du kastar bare bort di tafatte tid
Eg reiser heim med Anneli

Du elgar deg innpå, sleip som ein ål
Spanderer drinkar og gaular: ”Skål!”
Du e ein vits, ein klein parodi
Eg reiser heim med Anneli

Du treng ‘kje vera et stort geni
For å sjå at det aller kjem te å bli dekkan to
Jenta e mi!
Eg reiser heim med Anneli

Eg har blikket klistra te netthinna mi
Eg har ein klem som varmar på kjaka mi

Eg har nummeret planta i lomma mi
Eg reiser heim med Anneli

Ho dansar ein fønvind frå fjella i vest
Ho smiler ein sommar og ler ein fest
Tankar blir dikt og ord poesi
Eg reiser heim med Anneli

Fela stryk på ferda si
ifrå Telemark te Tennessee
Kvelden e ung og verda vid
Eg reiser heim med Anneli
Meg mot deg, det e rått parti!
Eg reiser heim med Anneli
Ein dag skal eg setta meg på kne og fri
For eg reiser heim med Anneli