«Ballerina»
Tekst: Einar Lian-Bjørgum Musikk: Einar Lian-Bjørgum
Eg er òg ei ballerinaSjå når eg tek min piruett
Og flyt over golvet, stille og lett
Eg er òg ei ballerina
Sjølv om skjørtet heng på snei
Kan eg fleire posisjonar, berre sjå på meg!
Når teppet fer til sides
Og ljosa vert tent
Står eg heilt bakarst, med augo som brenn
Eg strålar ut mot salen, og sjølv om ingen kan sjå,
Så veit iallfall eg at eg er ei ballerina eg òg
Eg er òg ei ballerina
Sjølv om ingen skulle tru
Dansen er mi glede
Songen mi tru
Eg er òg ei ballerina
Det kan ingen ta frå meg
Det er dansen som leier meg
Fram på min veg