«Det lyser i stille grender»Lytt
Tekst: Jakob Sande Musikk: Lars Søraas d. y.
Det lyser i stille grenderav tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosa held.
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.
Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.
Ingen er så trygg in fare,
som Guds lille barneskare
Fuglen ei i skjul bak løvet,
stjernen ei høyt over støvet