Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Doggdråpen» : «Du ser det ikkje på meg» : Gunstein Draugedalen : Grammofon

«Doggdråpen»

Tekst: Oddmund Haugen    Musikk: Gunstein Draugedalen

DOGGDROPEN

Eg er bare doggdropen liten og veik
som skjelvande ligg på eit blad.
Eg lever ’kje lenger enn morgonen ut,
så driv eg frå land og fer av.

Du skapte meg, Herre, og gav meg eit kall
til arbeid i vingarden din.
Sjå doggdropen blenkjer når ljoset slepp inn,
i Guddommens prydnad han skin.

Eg lever i nåde og tryggleik hos deg
frå dagning til kveldsola sig.
Dei strålar du sender er varme for meg
til hjelp på den mørke stig.

Eg veit eg må falle til jorda eingong
når bivrande vind tek meg bort.
Då reiser eg heim til det himmelske land
og takkar for alt du har gjort.