Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Enno» : «Enno» : Sol i skuggeskog : Grammofon

«Enno»

Tekst: Einar Lian-Bjørgum    Musikk: Einar Lian-Bjørgum

Eg kan framleis hugse tindrande klårt 
ein kald vind bles mot meg og eg høyrde du sa: 
Eg må dra! 

Om eg let at augo minnast eg vel  
korleis alt rundt stilna 
eit ørlite bel der vi sto. 

Bridge 
Dagane vi hadde leika i lag bles vekk 
i kalde drag den dagen. 
Og alt eg såg som fullt og heilt rann ut, rett or hendene mine. 

Refreng 
Enno er det dagar eg lengtar attende. 
Enno er det net der hjarta gret. 
Enno finst det gram i meg som vil ha meg til å tru 
at meininga og løysinga er du. 

Om du visste korleis det kjendest då 
orda fell som steinharde slag mot mitt kinn. 
Og nett som sumaren visnar og døyr, 
Svann håpet om dagar vi aldri fekk i lag.