«Erlend»
Tekst: Odd-Erik Lothe Musikk: Odd-Erik Lothe
Det her ska ikkje vere en trist songdet ska vere en song om alt det gode som va
som om vi sat og drakk ved et långbord
og mintes det du gjorde og sa
det ska vere et brev som e sendt frå ei anna tid
vi ska synge det høgt, vi ska rope det ut i det fri
Ååå, Erlend, Erlend, ditt milde blå blikk og ditt lurande smil
Ååå, Erlend, Erlend, e du her igjen, frå alle evige mil?
Eg såg deg ikkje ofte, men vi va same slag
to sjenerte menn med kver vår flagrande sjel
eg kan huske at du kalte meg mester
så typisk deg du tok aldri del
av ære og berømmelse, sjølv om det va du som skapte magi
du va raus uten baktanke, uten å ha en strategi
Den forbannade skyggen som tok deg
som åt deg, fortærte deg, usynlig og feigt
nåken sa du va frisk, men vi skjønte det egentlig
det va et håp som va bleikt
eg møtte deg tilfeldig på byn mot det siste
du virka so rolig, forsont, som du visste
eg gav deg nåken plate, vi prøvde å prate
du smilte og lo, eg va brydd der eg stod
eg klarte ikkje vere
en venn som kunne bere
det triste vi begge forstod