«Johan»
Tekst: Ørnulf Juvkam Dyve Musikk: Ørnulf Juvkam Dyve
I heile går sat´n Johan og prestenå akkederde om Gud og førresten
så æ´kji´n Johan aldeles tam
så´n bau nå presten på ein dram
Å presten te harke med svære augo
me´n Johan drog te å spørde; laug ho
Maria då ho skulda på ”Ånden som går”
enn va det ”Ånden som får”
E hugsa ´kji heilt men noko va det
og Ånden førsvann att førutta hadet
Han Josef vart i alle fall sett på
som far men alt det han fekk rett på
va ein hammar - åsså lite plank
likevel sto´n der staut og rank
Nei, maken te kar ha´e alder sett
Ein real go´kar – rett og slett,
sa´n Johan
Så enkel, han Johan, så likete
Førtel´n de noko så meina´n det
Likandes likt imot alt og alle
Gjer blanke i om Gud enn Allah
har gjett de kallet
I heile går sat´n Johan og ein Mulla
å akkederde om Allah og slarva og tulla
Å du veit han Johan, han æ´kji tam
så han bau nå Mulla´n me på ein dram
Å Mulla´n te harke og smelle i skjegget
Å´n Johan te flire se skakk og knegge
Så drog´en te slek følk æ vand te
og då veit du gøtt ko han æ mann te´
Han spørde; ska du slå i hjel det som æ
så fort ein tullebokk gjer narr tå de?
Æ det slek du tenke – æ det det du gjer
så får du lesa lite nøyare i boke her
Så tok´en fram boke med dei støste ordet
og slengde den tongt i kjøkkenbordet
Å Mulla´n te lesa og det sto svart på kvitt
at´n Johan hadde rett, så han stod på sitt,
gjorde´n Johan
Så enkel, han Johan, så likete…
I heile går sat´n Johan og Paven
og akkederde om koss kongklaven
kom fram te at akkurat han sku ha jobben
og ko´n sku gjera med englemobben
som hæsja med møra førutta mann
og han som æ ongelaus, sjøl om´en kan
få laga dei lett som ingenting
men væl å øve førutta ring på fing
Då nekta Paven plent å svara
men æ det noko´n Johan klara
så æ det å truge følk i prat
ikkji med makt, men med lokkemat
i glaset, då såg´en det; å fy før skam!
Han hadde gløymt å skjenke paven dram
Å paven fekk akvitt i begge haso
og tok te prate, å´n Johan; han sa jasså,
sa´n Johan
Så enkel, han Johan, så likete…