«Julisundag»
Tekst: Aslaug Høydal Musikk: Øyvind Sandum
Det er juli, det er sundagingen haust i augneleitet,
berre vera til i graset
med ein brun og naken kropp.
Snu meg rundt på andre sida
tyngje mot ei doggvarm jord.
Vita av meg heile tida
vera eitt med alt som gror.
Kjenne lette stig i graset
Opne augo med ein smil.
Møte deg som eg hev venta,
berre vera, vera til.
Kjenne tev som milde vindar,
kjenne snert av solvarm hud.
Det er juli, det er sundag,
Berre vera,
eg og du