«Kvalsongen»
Tekst: Tor Endresen/Jan Arne Knutsen Musikk: Tor Endresen/Jan Arne Knutsen
Tidleg ein morgon ein solvakker daggjekk jenta åleine i era
bak naustet der låg det ein stranda kval
diger som blåkval kan væra
Og jenta ho sat seg på berget ned
Ho vart ikkje redd men forundra
Blåkvalen song på sitt siste vers,
Og tonen i naustveggen dundra
Din tone er vakker men klangen so mørk
sa jenta med auge som tindra
Sei meg kva kjære kval kan eg gjera for deg?
Sei meg kva so kan smerta di lindra
Takk vesle jente for tanken so ven
di nærheit e nok sku eg meina
Eg har levt te fulle, no svinne eg hen
og eg slepp å døy her åleina
Ref:
Høyr vesle jente med livet i vente,
du skal ikkje grina for meg
Lev mens du leve, og svev mens du sveve
min siste song dan e te deg
Når Kvalen han song om livet te sjøs,
då va da som tonen hans lysna
Frå liv og leik med Californias kyst
te mørke i ishavets tystnad
Livet i sør stod i kjærleikens tegn
og vidareføring av slekta,
so for eg te nord når sumaren kom,
for å eta og halda på vekta
Ref
Ja sånn har han levd i snart hundre år
med okk og familie i havet
Har hatt sine kampar og fått sine sår
men livet har vore ei gave
Te deg vesle jente me syngje te sist:
Må ho væra med deg Fru Fortuna.
Kvalsongen stilna men vær ikkje trist.
Han gjekk klar både plast og harpuna.
Ref
da e ombord