Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Nedlagt ferjekai» : «Nedlagt ferjekai» : Stedje, Lothe, Tokvam : Grammofon

«Nedlagt ferjekai»

Tekst: Finn Tokvam    Musikk: Odd Erik Lothe

Eg gløymer aldri ho som først fekk meg yr og glad
Ho lukta eplesjampo og eg lo av alt ho sa
Men eg våga aldri leie ho, eg angrar på det valet
Det skulle bli oss to, eg skreiv Linda på penalet

I ferien kom Gro, stod ved kaien, selde bær
Eg skrensa rundt med sykkelen, prøvde vere svær
Eg rissa inn eit hjerta og skreiv Gro på venterommet
Men eg skar det vekk med kniv då sommaren var omme

Ref
Eg venta på ferja og drøymde om veg
Kjærleik på hi sida lokka på meg
Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai

Så hamna eg på hybel og då kunne allting skje
Eg kyssa vel eit par, men eg gjekk no helst i fred
Men så møtte eg på Mette og ho fekk meg til å leve
Ho gjekk då våren kom, og skreiv takk for alt i brevet

Eg venta på ferja og drøymde om veg
Kjærleik på hi sida lokka på meg
Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai

Kristine var den siste som hamna på mi liste
Over alle kjærestar eg rota bort og miste
Åra dei har gått og lista har blitt altfor lang
Over korte strofer som skulle blitt ein sang

Eg venta på ferja og drøymde om veg
Kjærleik på hi sida lokka på meg
Men eg kom meg ikkje over, det e kje meir å sei
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai
Vi bur alle nær ein nedlagt ferjekai