Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Sjelegrind» : «Sjelegrind» : Byting : Grammofon

«Sjelegrind»

Tekst: Thomas Hellekås    Musikk: Thomas Hellekås

Sitte’ her på berget, og eg følger med.
Pusten min er roleg og gjer meg sjelefred.
Skyune på himmelen har sjel.
Hver og ein ei brikke i et puslespel.
Så bryte’ lyset gjennom frå ein stad.
Og eg som har tatt plass på fyrste rad!

Nå ser eg skogen fri for bare tre.
Eg hører hjerteslag frå bekken like ved.
Lener meg tilbake, tek det heile inn,
og låser minne bak mi sjelegrind.

Klokka ringer tidleg i huset som dei har.
Aller før i livet har han ligna slik på far.
Jaget i frå morgon’ er som eit ras.
Tenk å kunne snu på livets timeglas.
Han ser i speilet der dei elle stend
og minner om et liv som gjeng igjen.

Nå ser´n det store, store i det små.
Han tek ei pause der minnet kom i frå.
Tek et steg tilbake. Tek det heile inn,
og låser minne bak si sjelegrind.

I den siste time,
dit ingen fleir kan bli med,
og elt du har er livet du har levd;
snu deg til ditt indre,
la elle minna lindre,
og løfte deg slik du før har svevd.

Da ser du livet, livet slik det va’,
og elle menneskje du rørte ved ein stad.
Så len deg trygt tilbake og ta det heile inn,
og lev i minna fyre du forsvinn
- elle minna bak di sjelegrind.