«Til deg»
Tekst: Kari Iveland Musikk: Svein Dag Hauge
Eg såg deg dansa i låge skoDå vinter gjekk mot vår
Eg såg deg flyga og ta imot
Då verda gav deg sår
Alt kan endrast i eit andedrag
Men av natta gror ein sommardag
Så ver tru mot det kvart hjarteslag fortel
Når hjarta bankar for ein du likar
Som kallar deg ein ven
Når ord du gøymer står framleis usagt
I alt du held igjen
Hugs at kjærleiken er aldri blind
Om du møter på ei lukka grind
Kan hende den du likar slepp deg inn
Til seg
Så her er ein song til deg
Om eit liv som ventar
Om ein draum som vaknar
Ein gong, ein stad
Då du fann din veg
Då mørkret hentar dagen attende
Og verda vert for stor
Hugs då du dansa imot ein sommar
Og sette dine spor
Alt det vakre har eit lite skår
Så ljos kan jaga skuggen frå i går
I ein augneblink ligg tusen år
Er tida vår
Så her er ein song til deg
Om eit liv som ventar
Om ein draum som vaknar
Ein gong, ein stad
Då du fann din veg
Mellom oss står tida still
Så om du skulle gå deg vill
Er heime her
I mellom deg og meg
Så her er ein song til deg
Om eit liv som ventar
Om ein draum som vaknar
Ein gong, ein stad
Då du fann din veg