Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«To hender» : «Ver ikkje redd» : Gunstein Draugedalen : Grammofon

«To hender»Lytt

Tekst: Trygve Bjerkrheim    Musikk: Gunstein Draugedalen

To hender

To hender er tenkt til å takka,
så mykje vår Gud let oss få.
To hender er tenkt til å faldast
og lyftast i bøn mot det blå.

To hender er tenkt til å femna,
og ei til å støyta i frå.
To hender skal tårone turka
der dagen er traurig og grå.

To hender er tenkt til å signa,
og ikkje til harde å slå.
To hender er etla til yrke, –
det edlaste såkornet så.

To hender er tenkt til å tena
og trøysta dei arme og små.
To hender er tenkt til å gjeva
i kjærleik meir sælt enn å få.

To hender på krossen skal peika
so heim me til himlen kan nå.
To hender mot truna skal rettast
i fryd når me Herren får sjå.