Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Det blir» : «Restart» : Garness : Grammofon

«Det blir»

Tekst: Christine Sandtorv    Musikk: Ingelin Reigstad Norheim/Hildegunn Garnes Reigstad

Det blir til nåkke
Det blir til nåkke
alle desse lause ordene
tankane og halve setningane
når du berre finn drivet
og meininga igjen

Det blir til nåkke
Det blir til nåkke
alle desse plankebitane
spikarane, stiftane og skruene
når du berre finn hammaren
og slår deg laus, min venn

Det blir til nåkke stort
eller kanskje nåkke lite
det blir til nåkke
heilt unikt
som ingen heilt kan vita

Det blir til nåkke
Det blir til nåkke
alle desse papirbitane
blyantstrekane, dokumentene
når du berre finn stiftemaskina
og tar deg kraftig sammen

Det blir til nåkke
Det blir til nåkke
alle desse malingsflekkane
palettane, lerreta og penslane
når du berre ser lyset
og kjem fram frå skyggane igjen

For det blir til nåkke stort
eller kanskje nåkke lite
det blir til nåkke
heilt unikt
som ingen heilt kan vita

Det blir til nåkke
Det blir til nåkke
alle desse tonane
rytmane og melodiane
når vi berre finn kvarandre
og harmoniane igjen

Det blir til nåkke stort
eller kanskje nåkke lite
det blir til nåkke
heilt unikt
som ingen heilt kan vita