Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Håpet» : «Om me reise» : Camilla Lou : Grammofon

«Håpet»

Tekst: Camilla Louise Økland Skredderberget    Musikk: Camilla Louise Økland Skredderberget

Når du har kasta inn årun,
og sitt tafatt mitt i båten
Ko skjer inni deg då?
Når du er åtleine

Når alt håp er ute,
og ditt liv er heilt på botn
Har du noko å håpe på?
Når du ikkje veit rå

Du treng ein som kan berge deg i land
Ein som ser håpet der du ikkje kan
Og ein som gjer mot
te å ta årun fatt att

Når du står heilt ute med stupet,
og trur at alle har gløymt deg
Er det mørket som rår?
Når du omtrent utfor trår

Du treng ein som kan berge deg i land
Ein som ser håpet der du ikkje kan
Og ein som gjer mot
te å ta årun fatt att

På ope hav, ein seglar i nød
I kampen mellom liv og død
Ein som må gje deg livbøyga

Du treng ein som kan berge deg i land
Ein som ser håpet der du ikkje kan
Og ein som gjer mot
te å ta årun fatt att

Ein som kan berge deg i land
Ein som ser håpet der du ikkje kan
Og ein som gjer mot
te å ta årun fatt att