«Te livet her tek slutt»
Tekst: Camilla Louise Økland Skredderberget Musikk: Camilla Louise Økland Skredderberget
Det finaste og beste som har hendt,va at e fekk væra menneskje
Å få leva, tenkje, å uttala ord
Og sjølv om ikkje alt bli slik ein ynskje,
så er det fint å leva her på jord
Å få draume fritt,
å få gå omkring
og nyte litt tå gleda
Å få puste tusen gonger ut og inn
Ingen lev i lukke heile tida,
så våg å ta ein bit og nyt før den forsvinn
La meg omfavne kor dag,
leva kort minutt
Nyte kort eit andedrag,
te dagen her tek slutt
Daga kjem der alt er tungt,
og alt går i mot deg
og du kjempa,
og du streva for kort steg
Det er daga da det kosta
å behalde motet
Når du må begynne på nytt,
å velge ein anna veg
Det er ein kunst og roe ned,
og ta ein dag tå gongen,
og ikkje tenkje på i mørgo
før du må
Og ikkje la dagen styrast tå sorgen,
over alt du ikkje fekk eller vil få
La meg omfavne kor dag,
leva kort minutt
Nyte kort eit andedrag,
te livet her tek slutt
Det finaste og beste som har hendt,
va at e fekk væra menneskje
Å få leva, tenkje, å uttala ord