Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«No må du gje deg» : «Om me reise» : Camilla Lou : Grammofon

«No må du gje deg»

Tekst: Camilla Louise Økland Skredderberget    Musikk: Camilla Louise Økland Skredderberget

Har du mista lyset i livet ditt?
Sit du og grev deg ned litt og litt?
Let du det vonde ta overhånd?
Let du det binde deg med tunge bånd?

Er du ein som berre let det skure og gå?
Som sit og berre venta på å få?
Trur at andre skal styre livet ditt,
så du slepp å ha kontroll, og alt får flyte fritt

No må du gje deg!
Du må sjå deg om etter noko bedre
Du må jakte på svaret ein annan stad
Då må du gå ein anna retning enn der du va

Tek du alder ansvar for det du gjer?
Det er berre deg sjølv, du ingen andre ser
Og du bryr deg ikkje om det du si fordi:
Du lev i ei verd med ingen andre i

No må du gje deg!
Du må sjå deg om etter noko bedre
Du må jakte på svaret ein annan stad
Då må du gå ein anna retning enn der du va

Er det eigentleg mitt eige liv e peika på?
E ser ikkje mitt problem, men ditt
Er det meg eller deg det er syndt på?
Er det e som mangla sjølvinnsikt?

Då må e gje me!
E må sjå me om etter noko bedre
E må jakte på svaret ein annan stad
Då må e gå ein anna retning enn der e va

For ingenting ordna seg sjølv,
Kem skal ordne dersom ikkje e gjer det sjølv?