«Huldersølv»
Tekst: Thomas Hellekås Musikk: Thomas Hellekås
Langt oppi fjella der trølla burgjenge det ei jente rondt i Telemarks natur.
Ho e’ forheksande skjønn, med langt lyst hår.
Ho har vandra dessa skogan’ i åttehondre år.
Så ver på vakt og hør mitt råd min venn:
Slær ho kloa i deg slepp du aldri laus igjen.
Ho lokkar deg med inn i sitt fjell,
og der må du leva i evighet som trell.
Men du, du, du! Du må nok høre litt på meg.
Det e’ råd i denna visa som vi’ hjølpe på din veg.
For du vi’kje leva i evighet som trell;
så sjå nå etter rova - det kan redde deg i kveld.
Vakrare jente kan du aldri ha,
men merk mine ord; at skinnet kan bedra.
Ho vi’ lokke deg med så langt som det gjeng an
i sin evige søken etter ensom mann.
Så tek ho i frå deg friheten du har
og elt som e’ igjen e’ skyggen a’ ein kar.
Men du, du, du! Du må nok høre litt på meg.
Det e’ råd i denna visa som vi’ hjølpe på din veg.
For viss du’kje trur på tussar eller trøll
så tru heller ikkje ho som lovar huldersølv.