«Me har deg endå»
Tekst: Camilla Louise Økland Skredderberget Musikk: Camilla Louise Økland Skredderberget
Ein dag skjønte meat du snart måtte gå
Men ingen ville væra ved
at du skulle reise her ifrå
Kem kan fylle dine sko?
Kem kan ta ditt rom?
Nei, ingen vil vell gjera det,
for når du fær vil plassen din stå tom
Men me har deg no,
det er alt me treng sjå
Du leve her no,
me har deg endå
Så mange ting me sku ha sagt
Så mykji me sku gjort
Men før ein rekk å sjå det sjølv,
svinn tida hen og livet visna bort
Det er heilt ulideleg,
at du skal reise frå uss, frå meg
Det er ulideleg,
at du som elska livet skal miste det
Men me har deg no,
det er alt me treng sjå
Du leve her no,
me har deg endå
Me har deg no
Men me har deg no,
det er alt me treng sjå
Du leve her no,
me har deg endå
Døden vil ingen ha,
den kjem alltid brått
Den viska ut alt som me va,
og gjøyme alle stundi me har fått