«Røver og banditt»
Tekst: Jon Solberg Musikk: Jon Solberg/Jan Birger Akerhaugen
Det eksploderer i fargar på himmel’n i kveldEg har ein fest å gå meg vill i og rom på hotell
Gud e ein analog fyr i ei digital tid
og byr på Indian summer og fyrverkeri
Bandet har bynna å spele
Mikrofonar smell
Dans med meg
Dans med meg i kveld!
Du e ein røvar, ein banditt
som har stole hjertet mitt
Bli med heim te meg
Kan du kjenne blodet brenn?
Me har blitt ungdomar igjen
Bli med heim te meg
Du veit eg har prøva hugse å glømme deg
Slått dagenn’ ihæl så dom ikkje slo ihæl meg
Eg såg deg ein gong, eg såg du var glad
Du gjekk på toget og eg skulle av
Du veit eg vil ha deg
Hjerte, kropp og sjel
Dans med meg
Dans med meg i kveld!
Du e ein røvar, ein banditt…
Du veit, du lever farleg nå
Vil du stikke ell’ vente og sjå
Eg e full av fyr og flamme
og det e deg eg vil tenne på!
Kan du hugse den våren nedpå Nomestrand
da me festa på ein tysdag te sola rann
og prata om ungenn’ me sku’ få, ei jente og ein gutt
Ein raudhåra ramp og ei krølle med krutt
Bandet har slutta å spele
men me dansar forde
Du e ein røvar, ein banditt…