Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Den største og den minste» : «Spor av år» : Torolf Nordbø : Grammofon

«Den største og den minste»

Tekst: Torolf Nordbø    Musikk: Oskar Nordbø/Torolf Nordbø

Eit fattig par gjekk rundt og spurde om ein stad og sova
Maria var med barn og desse to var kun forlova
Ingen stad var plass til dei, kva meinte Gud med dette?
Barnet var hans eigen son, profetar hadde sett det
Dei hadde sett ein evig konge i den høge hallen
Men nå var dei på veg i natta mot den usle stallen

REFR:
Den største og den minste blir i natta fødd til jorda
Gud blir menneske på jord, Maria ho var mora
”Det skje med meg som du har sagt”,
Det er dei største orda!

2. Enkle hyrdar sat ved bålet, prata for det meste
Lågaste på rangstigen, forakta av dei fleste
Så med eitt kom englane, alle høyrde songen
Dei lova Gud og bar eit bod om barnet som var kongen
Og hyrdane braut opp og fann så barnet der med mora
Kongen låg i krybba, fyrste gong han kom til jorda

3. Tre kongar drog frå trygge slott frå fjerne austerlanda
Dei følgde bak ei stjerna som om Gud heldt dei i handa
ei lengt frå djupet bar dei mot ei ukjend ny erfaring
og der i stallen såg dei Gud si store openbaring
Dei såg den største i den minste,--såg eit håp for verda
Dei fekk ei indre ledestjerne med seg heim på ferda