«Handelslaget heima»
Tekst: Torolf Nordbø Musikk: Torolf Nordbø
1.Hesten vår blei sala oppDen blei spent for kjerrå vår
Me små ungar trygla om å få bli med
Det var høgdepunkt i vegå
Far sko handla mat og mjøl
Ned te Steinnesvåg på Handelslaget vårt
2.Turen gjekk i lette trav
Ein galen unge ramla av
For me stod og gjorde kunster mens me for
Det var før all HMS
Og han va`kje møje tess
Det blei trøst og plaster heima sjå na mor
REFR: Å så va me på Handelslaget heima
Det va ein samlingsplass for folk deromkring
Gode minner frå Handelslaget heima
Med forunderlege varer og ting
3. Fysst sko mjølet heisast på
Det va spennande å sjå
Far han vitsa , Gisle lo seg meste skakk
Av Magne der i lagerfrakk
me kjypte brus, -å du me drakk!
Astri bad oss helsa heim, og me sa takk
4.Skulen låg der attemed
I friminuttet stakk me ned
Ned te Handelslaget for å kjøpa s nop
Den tid hadde alt rett pris;
Ei krona for ein krone-is,
Lærarinnå konfiskerte alt i hop