Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Mi heimlege havn» : «Spor av år» : Torolf Nordbø : Grammofon

«Mi heimlege havn»

Tekst: Torolf Nordbø    Musikk: Torolf Nordbø

Eg har reist rundt i verdå, sett mange slags land
Eg har sett monge byar og slott
Eg har sett vidder og fjell, og jungel og sand
Eg har kjent at der eg var, var det godt
Men spør du meg kor te - lengta eg mest
Et landskap, ein plass og et navn
Med stupbratte fjordar og øyar og hus
I Ryfylke har eg mi havn

REFR: Mi heimlege havn, mi heimlege havn
I Ryfylke ligg du, du har skapt deg et navn
Dei som reise frå deg, dei har alltid har et savn
Du lune og heimlege havn.

Eg har reist rundt i verdå , sett mange slags folk
Eg har møtt mange skikkar og liv
Eg har høyrt mange språk, for det mesta hatt tolk
Eg har møtt både varme og kniv
Men spør du meg kor, - er den plass som er best
Det er et landskap, ei øy og et navn
Kor møte du vennlege smil frå folk flest
Jo det er her i mi heimlege havn