Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Eg er så glad kvar jolekveld (Anne Karin Kaasa/Reidar Svare)» : «Eg såg deg» : Anne Karin Kaasa : Grammofon

«Eg er så glad kvar jolekveld (Anne Karin Kaasa/Reidar Svare)»Lytt

Tekst: Marie Wexelsen Nynorsk: Bernt Th. Anker    Musikk: Peder Knudsen

Eg er så glad kvar julekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen Son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.

Eg er så glad kvar julekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.

Ho mor ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå,
for heile verda, seier ho,
skal julestjerna sjå.


Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er
Guds kjærleik like stor.