«Saknad»Lytt
Tekst: Øyvind Rosland Musikk: Aashild Rosland Andexler
Julematen ho set på bordetog høgtid fyller det vesle rom
To hender kviler ei stund mot duken
ved eine sida ein plass er tom
Eit lys skal brenne på denne staden
for det som alltid vil leve att
For sol og skuggar som dei fekk saman
for det som skjedde julenatt
Det skin frå treet mot mørke ruter
der ute vinden har snøfnugg med
Ho står i døra så stilt og høyrer
det døyvde suset av vinterfred
No strøymer minner i sorg og lengsel
men godt å kjenne det likevel
Dei gamle tonar så heimekjende
den milde varmen av julekveld