«Innan det blir morgon»Lytt
Tekst: Ylva Eggehorn/Nynorsk: Ragnar Kaaasa Musikk: Benny Andersson
Så kom du då til sist du var ein framandei myte som eg høyrt dei tala om
Og mange hadde måla dine bilete
men det var bortom bileta du kom
Vi trudde du kunne brukast til så mykje
vi skreiv ditt navn for hjelp i vår strid
Vi bygde katedralar høgt mot himmelen
men du gjekk heile tida lenger ned
Du er eit barn som ligg der på eit jordgolv
du frys om du ikkje får vår hjelp
Du tar på oss med dine gode hender
du gjev kjærleiken den beste vin
Du stig ut av alle tomme graver
du er ein vind som seier det blir vår
Du kjem som ein flyktning over heiar
du fylgjer oss dit ingen annan når
Du er den song om livet som eg gløymde
den sanning eg forrådde dag for dag
Eg sveik meg sjølv den spegel som eg gøymde
ser dine sår og dine andletsdrag
Kom nærare bli her hos meg det mørknar
kan hende vert det tent eit ljos på ny
Ditt liv skal bere meg eg høyrer ein svarttrost
som syng innan det blir morgongry