«Balestrand»
Tekst: Webb/Finn Tokvam Musikk: Webb
Balestrand, å Balestrand, her sit eg med mine minneOm den vakraste av kvinner
Ho var 21, eg fór frå Balestrand
Balestrand, å Balestrand, høyrer enno bylgjeslaga
Eg har lengta alle dagar
Til heimleg strand, til ho i Balestrand
Kanskje står ho enno der på kaien
Kanskje ser ho ferja går forbi
Og viss ho ventar der på meg
Då skal ho få alt eg har å gi
Balestrand, å Balestrand, eg kan ikkje dra frå jorda
Før eg gir ho trøyst og orda
Hugsar du då vi var små, gjekk hand i hand
I Balestrand, i Balestrand
Hugsar du då vi var små, gjekk hand i hand
I Balestrand, i Balestrand