Notice: Undefined variable: promo in /home/grammofo/public_html/utgivelser/lyrics.php on line 112
«Daud manns blues» : «Summetonar» : Stedje, Lothe, Tokvam : Grammofon

«Daud manns blues»

Tekst: Finn Tokvam    Musikk: Odd-Erik Lothe

Her er historien om han Elling, ein sognagentleman
Han lukta Vademecum og Old Spice, litegrann
Han jobba på kraftlaget, var snill so eit lam
Men var hard med seg sjølv og hard på dram
Og svak helsa sleit han med,
da gjekk opp og da gjekk ned

Elling vakna ein måro, klokka va borti sjau
Han spratt ikkje opp, han kjende seg dau
Han fekk velta seg ut på golvet og krabba til eit speil
Og då han såg dar, so såg han kva som var feil
Herregud, sa han Elling. Eg e dau

Det er for seint å gje opp
Alt går viss du ve
Du må kvikna te, berre ve som Elling
Ikkje ta telling
Ikkje ta telling

Eg tok og spurde han Elling, kva gjorde du so?
Nei, eg ga ikkje opp, sjølv om hjerta ikkje slo
Eg kom meg på sykkelen og trødde med klogga
Men det va ikkje lett, du veit blodpumpa va stogga
Men ein ting va berre greitt, ein må holda liket heitt

Liket hans Elling var den fysste kunden den dagen
Da kjøpte to heile på S-Laget nede på Lunden
Du veit pils e øl og bayer e medisin
Så eg fekk i meg ei av kvar og då var eg fin
Hjerta begynte å slao

Altso, eg ha sett folk i joggebuksa som ikkje ha jogga
So eg tvila helle ikkje på at hjerta hass Elling stogga
No finst da kanskje sogninga som lyge litegrann
Men slik var ikkje Elling, han var ein sognagentleman
som ikkje ein gong la seg ned, dao han strauk med