«Reise»
Tekst: Odd-Erik Lothe Musikk: Odd-Erik Lothe
Eg har lengta frå og te so månge stadaeg har alltid vore heimlaus der eg e
eg e ikkje en som går omkring å sprada
å fortelle om kor lykkelig eg e
men eg har alltid funne grobunn for å feste
grunne røte sjølv om eg har alltid visst
at mi rolle her i livet e å gjeste
og ikkje vere den som blir te sist
Ta ein skål, no ve eg reise
ta meg ut på ope hav
gjer det mens eg tør
og helst før eg spør;
kor blei livet av?
Det finns so mykje i livet eg ve vere
så mykje eg kan aldri reise frå
så mykje eg ve rekke, nå og gjere
eg lengta meir enn tvilen ve forstå
for en del av meg ve berre vere heime
en del av meg ve berre slutte fred
men nåke brenne sterkt og klart aleine
heilt te det siste stengsel brenne ned
Kan hende ve eg angre at eg reiste
kan hende ve eg tape alt eg vann
kan hende ve eg smake på det beiske
når alt ve handle mest om det som svann
og heilt sikkert ve eg sakne alt det trygge
eg ve kjenne uro mårå, natt og dag
men eg veit at eg må sjå rett i det stygge
for ellers ve eg alltid bere nag